Bygde mitt fyrste strengeinstrument i 1984, og sidan den tid har eg hatt ein jamn produksjon. Stålstrengsgitar byggjer eg mest av, men har og bygd klassisk- og barokkgitar. I tillegg har eg fått oppdrag i å byggja andre strengeinstrument, som  folkeharper (skotsk-irsk type), viola da gamba, og replika av forhistoriske instrument.

Å byggja gitarar er ein omstendeleg prosess med ei lang rekkje arbeidsoperasjonar som fylgjer naturleg etter kvarandre. Utgangspunktet er langtidslagra klangtre (tonewood) som gran, cedar redwood, div rosewood m.m. Ein godt bygd gitar skal sjå ut som om den er grodd saman, alle delar skal på eit vis "smelta" saman til ein heilskap. Men like viktig som den tekniske byggjeprosessen er å justera instrumentet, særleg lok og ribber, for å få ut potensialet i klangtreet. Det er heile tida ein balanse mellom å laga ein gitar som er justert og ikkje overbygd, som difor let klangen i treet utvikla seg vidare. Den må samstundes vera er bygd so solid at den vil vera stabil i mange år framover. Det tek i overkant av 200 timar å byggja ein gitar, ferdig oppstrenga. Meir enn 90 prosent av arbeidet vert utført med tradisjonelt handverktøy av japansk og europeisk type.

Gitarene eg byggjer no er særleg inspirert av den amerkanske gitarbyggjaren Ervin Somogyi si tilnærming til handverket. I tobindsverket sitt "The responsive guitar" og "Building the responsive guitar" har han gjeve eit fagleg sterkt bidrag til kva som må til for å byggja akustiske gitarar av høgste kvalitet.